Dagny Sunnanå Hausken (sp) seier ja til ein ny periode

Fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken har gitt beskjed til nominasjonskomiteen i Stavanger Senterparti at ho seier ja til ny periode i Stavanger-politikken.

Fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) er klar for nye år i Stavanger-politikken.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

RENNESØY:

Det stadfestar Sunnanå Hausken overfor Øyposten. Dagny Sunnanå Hausken gjekk frå å vera ordførar i Rennesøy, til å bli varaordførar i Stavanger då Rennesøy, Finnøy og Stavanger gjekk saman i den nye kommunen.,

- Eg har ikkje blitt avskrekka av å vera i kommunestyret i Stavanger. Tvert om synes eg det har vore mange spennande oppgåver, seier Sunnanå Hausken.

Ho understreka at det blir opp til partiet å avgjera kva plassering ho skal ha på lista.

 Også¨Birger W. Hetland har sagt ja til partiet at han er villig til å halda fram i Stavanger-politikken.

Også den andre Sp-politikaren frå øyane, Birger W. Hetland frå Finnøy kommunedel, har gitt beskjed om at han er villig til å ta ein ny periode.

-Eg har opplevd Stavanger-politikken både på godt og vondt. Det kan vera utfordrande til sine tider, men andre gonger veldig kjekt. Det er uansett kjekt når me får til noko, seier Hetland.

Publisert: