Gunstige prisar og kort avstand til byen, får fortgang i salet av bustader i Vikevåg.

RENNESØY:

Totalt inneheld prosjektet 26 rekkehus og leilegheiter som skal seljast i tre omgangar. Grunnarbeidet med veg, vatn og kloakk er under opparbeiding, og så snart dette er ferdig startar byggeprosessen. Går alt etter planen blir det byggestart i løpet av sommaren.,

- Me er godt nøgde med framdrifta av prosjektet og salet har gått i henhold til planen. Prisane er i eit slikt sjikt at dei treff ei stor kjøpegruppe. Det er ingen tvil om at bustadprisane i Rennesøy er atskilleg lågare enn i byen. Og med kort veg til bylandet og god offentleg kommunikasjon, blir dette prosjektet interessant for mange, opplyser eigedomsmeglar i Krogsveen, Morten Voll.

Tilknyting til Rennesøy

Leilegheitene er 59 kvadratmeter. Dei har to soverom og kostar 2.250 000.

Rekkehusa skal byggast i to storleikar på 95 og 120 kvadratmeter. Dei har høvesvis tre og fire soverom og prisane ligg frå 3.500 000 og 4.050 000.

- Kven er kjøparane?

- Ein god mix av ynger og eldre. Så vidt eg har forstått, har dei fleste tilknyting til Rennesøy på ein eller annan måte, det tykkjer eg er kjekt, seier Morten Voll.