Kantarellen er her - og det er mykje

Det er ikkje berre blåbærår i år, men det ligg an til å bli eit godt år med mykje kantarell.

Til glede for alle sopplukkarane; det er eit svært godt år for kantareller i år. Og den er her allereie
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Sommaren har vore fuktig, men det er aldri så galt at det ikkje er godt for noko. Likar du å plukka sopp, eller ønskjer å læra deg å lika det, er ein våt sommar den beste sommaren. Difor lovar denne soppsesongen godt.

- Kantareller treng både varme og mykje fukt for å veksa, sier Lene Johansen, som er redaktør i magasinet Sopp og nyttevekster i ein artikkel i Aftenposten.

Kantareller er ein av dei vanlegaste soppane som finns mange stader. For å finne dei er det lurt å leita i skog der det er fuktig mose og grønt på bakken.Gjerne i nærleiken av stiar, dyretråkk eller hjulspor.

Johansen fortel at det er vanskeleg å gjera feil når ein leitar etter kantarellar. Det er berre éin forvekslingsart, og den er ikkje giftig.

– Mange ferske sopplukkarar byrjar med kantarellar fordi den er lett å kjenna igjen. Den einaste forvekslingsarten er falsk kantarell, men den smakar ikkje så godt.

– Går du ut i skogen no, så finn du kantarell. I ein skog med godt mosedekke, så skal det ikkje så mykje til før det gule gullet byrjar visa seg, seier Johansen.

Hugs at soppen aldri skal rivast opp med rota. Bruk ein liten kniv og skjær soppen nedst på stilken.