Tilsette i Ryfylke Livsgnist tilbake i jobb

Fire tilsette i Ryfylke Livsgnist er tilbake i jobb igjen, etter at Inovasjon Norge har gitt støtte til opplegget «Gøy på Finnøy». Aktivitetsselskapet fekk også napp i Stavanger kommune til «Barnas sommar» og prosjektet «Attraktive Finnøy-året rundt».

Ryfylke Livsgnist er i gang igjen. F.v Helene Ringen Vestbø, Svanhild Eggebø Spanne, Tor Øyvind Skeiseid og Silje Vignes Flesjå. Foto: Kristofer Ryde.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

- Det er utruleg godt å vera tilbake. Og ekstra kjekt var det å kalla alle kollegaer tilbake på jobb sist veke, seier dagleg leiar i Ryfylke Livsgnist, Tor Øyvind Skeiseid i ei pressemelding.,

Ryfylke Livsgnist mista nesten alle oppdrag frå midten av mars på grunn av korona-utbrotet, og dei fire tilsette i verksemda har i tre månader vore permitterte.

Men, nå er det all grunn til jubel i livsgnistleiren. Innovasjon Norge går inn med støtte til det såkalla «Gøy på Finnøy». Premiere er laurdag 8. august, og er eit felles prosjekt med Ryfylkekokken og fleire andre aktørar på Finnøy.  Det skal bli ei blanding av kultur, rebus, sporløype, mat, historie og opplevingar.

Samstunden fekk Ryfylke Livsgnist to ja frå Stavanger kommune.

-I sommar vil barn i alderen 9 til 13 år i heile kommunen få sjansen til ein fantastisk opplevingsdag i Tyskerhålene på Finnøy. 30 barn om gongen skal få boltra seg med aktivitetar, utelunsj med Ryfylkekokken, utfordringar, funderingar, skodespel og musikk.

- Me kallar opplegget «Camp Finnøy», og har første campdag 25. juni. Så blir det ni dagar til. I alt kan 300 barn vera med på opplegget, som er ein del av Stavanger kommune si storsatsing «Barnas sommar», heiter det i pressemeldinga.

Stavanger kommune har også gitt støtte til opplegget «Attraktive Finnøy – året rundt.»  Det går utpå å løfta øya Finnøy som destinasjon i samarbeid med butikkar, råvareprodusentar, kokk, bønder og kulturstader.

- I tillegg har me spelt inn mange spennande promofilmar om Ryfylke på oppdrag for Ryfylkealliansen. Premiere er 18. juni, seier Tor Øyvind Skeiseid i pressemeldinga frå Ryfylke Livsgnist.

Publisert: