Forslaget kjem opp i formannskapet på torsdag, og Halleland håpar han kan få støtte for forslaget der.,

-50 år høyres då jysla lenge ut?

-Eigentleg ikkje, vegprosjekt blir bygde for å bli ståande i mange hundre år. I det perspekjtivet er 50 år ei kort tid, seier Halleland til Øyposten.

Ifølge Halleland kan det gi fleire hundre millionar kroner ekstra, rundt 700 millionar, til eit prosjekt som Øyfast viss forslaget om å utvida tida for ferjeavløysingsmidlar går gjennom. Forslaget kjem opp som ein del av Stavanger sin uttale til Nasjonal Transportplan.

I tillegg foreslår Halleland og KrF mellom anna at dagens rentesatsa for vegprosjekt på 6,5 prosent blir sett ned.

-Slik det ligg an nå er renta mykje lågare enn dette. Det må ogsdå reflekterast i reknemodellane til vegvesenet, meiner Henrik Halleland.