Hjelmeland mista sin del av Ombo til Stavanger frå årsskiftet.

Kor mykje skal Stavanger betala for Ombo. Det er spørsmålet i forhandlingane som nå pågår mellom Hjelmeland og Stavanger kommune. Hjelmeland sin del av Ombo blei frå nyttår overført til nye Stavanger kommune.,

-Me har ein legal pant på seks milionar kroner i oppvekstssenteret i Eidsund.  I tillegg har me hatt inntekter frå havbruksfondet, seier rådmann Wictor Juul i Hjelmeland kommune til Øyposten.

Ifølge Juul er ikkje forhandlingane i mål ennå.

-Når det gjeld panten vår i oppvekstsenteret så har Stavanger erkjent dei faktiske forhold. Me er opptekne av at dette skal koma Ombo til gode og at skulen skal bestå, og kjem ikkje kreva pengar for han. Men viss skulen skulle bli nedlagd og seld, må det bli ein ny diskusjon, seier Hjelmeland-rådmannen.

Når det gjeld inntektene frå havbruksfondet, så ynskjer Hjemleland å behalda inntektene frå fondet i ein overgangsfase.

-Me kan tenkja oss å behalda inntektene i nokre år, men ikkje til evig tid, opplyser Juul.

Når det gjeld kommunale vegar og kaiar så får Stavanger overta dette vederlagsfritt frå Hjelmeland kommune.

-Kva med skatteytarar. De misser nokre av dei?

-Ja, det er 50 skatteytarar på denne delen av Ombo, og me misser både skatteinntekter og innbyggjartilskot. Men me vurderer ikkje å krevja dette kompensert sidan Stavanger kjøper tenester av oss. På den måten får me tid til å tilpassa tenestetilbudet etter det endra behovet me har fått, svarar rådmannen i Hjelmeland, som tykkjer det er trist å mista Ombo.

- Me er glad i Ombo og skulle gjerne hatt denne delen av øya også i framtida. Men me aksepterer vedtaket i Stortinget og ønsker Ombo lykke til i den nye kommunen. Det trur eg går bra, seier Wictor Juul.

Varaordføraren i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken (sp) vil ikkje kommentera saka, i det ho viser til at ho ikkje er offentleg.