RENNESØY/STAVANGER:

På Vikevåg kjøyrde Mastra bokstaveleg tala over gjestene Paradis frå Stavanger frå avspark. For alt etter eit halvt minutt låg den første ballen i nettet bak ein noko forfjamsa bortelagskeeper, då Kjetil Berg Jåtten førte Mastra opp i leiinga. Og det skulle raskt kome meir frå heimelaget si side, som totalt kjøyrde over Paradis etter ein 1.omgang der det stod heile 4-0 til heimelaget då laga gjekk til pause. Alt i det 16.minutt la Erling Håvarstein nemleg på til 2-0, medan Tor Aske (27.min) og Vegard Håvarstein i det 45. fastsette pauseresultatet til 4-0. Men det burde og skulle vore både fem og seks til Mastra, der spelerane nermast stod i kø og i vegen for kvarandre  for å score. Det til ein viss frustrasjon, men likevel mest til latter for eit talrikt og feststemt heimepublikum, som verkeleg var med på å kasta glans over den siste seriekampen i govêret på kunstgrasbanen på Vikevåg. Men også for å visa at dei verkeleg har late seg imponera over eit fintspelande og lovande Mastra-lag denne sesongen. Eit Mastra-lag  som har vore med i kampen om opprykk heilt inn til den siste serierunden.,

  Såg ut til å vera tilfreds

Andre omgang blei noko meir jamspela, og Mastra såg ut til å vera tilfreds med resultatet, etter at Sondre Aske sette den endelege spikeren i kista til bortelaget med si 5-0 scoring i det 57. speleminutt.

Kampen ebba dermed ut med nok ein solid og sterk siger til Mastra. Og ein for anledningen dresskledd trenar ,Alexander  Jarle Opshaug Teigen, kunne smilande konstatera at laget hans med sine 18 poeng, berre var fattige to poeng bak opprykksklare Tasta i årets serie i 5. divisjon. Det lovar svært godt for neste års fotballsesong.

Eit r

eserveprega Finnøy med sterk bortesiger

Det var eit sterkt reserveprega Finnøy-lag som møtte by- og bohemlaget Siddis til kamp på Midjord på same tidspunkt som kampen på Vikevåg vart avvikla. Siddis, som internt går under navnet FC Show, blei tidlegare i haust forvist av kommune frå sin heimebane på SIF Stadion på grunn av sine pyro bluss show, og påfylgjande brannskader i kunstgrasmatta. Men på Midjord var det laget frå tomatøyane som stjal showet, framfor dei lys rosa og fancy siddisane.

I følge trenar,Sture Guttormsen, var det eit tjuetals spelarar frå den rekordstore spelarstallen som ikkje kunne stille på kamp, og trenaren måtte difor ta med seg fleire svært så unge debutantar i kamptroppen til kampen på Midjord. Ein av desse var 16 år gamle Sander Norgren Rørheim, som fekk sin debut i midtforsvaret på sida av rutinerte Anders Eike.

Og både Sander, og ikkje minst 15 år gamle Josef Bø, viste igjen at det gror godt i fotballen på øyane i Finnøy. For som i forrige seriekamp heime mot sterke MIL frå Tau, noterte igjen fognbuen Bø seg på scoringslista, med den viktige 2-1 scoringa før pause. Det etter at midtbanekollega Jarle Sigbjørn Risanger Eike, hadde gitt Finnøy leiinga på eit glitrande langskot.

Også på topp fekk Trygve Hebnes sin første kamp i startelleveren, og midveis ut i 2. omgang sende han like godt talgjebuen Håkon Kavli igjennom med ein glitrande stikkar. Kavli plasserte ballen kontrollert nede i det lengste hjørne, til høgre for keeper.

-La oss bakpå

-Etter dette la me oss bevisst bakpå for å kontrollera kampen ut omgangen, seier trenar Sture Guttormsen til Øyposten etter kampslutt. Og det klarte me veldig bra trass i at Siddis fekk si redusering eit kvarter før slutt.

,Eg følte også at me hadde rimeleg bra kontroll, og at me til slutt vant ein fortent siger etter ein fantastisk innsats av det som i utgangspunktet var eit noko svekka Finnøy- lag med fleire sentrale spelarar ute. Det er difor akkurat dette momentet eg igjen vil trekkja fram, nå like etter kampslutt. I dag fekk fleire spelarar sin debut i Finnøy-trøya, og alle dei 14 i troppen fekk speletid og dermed vist seg fram. Når dei då også legg for dagen ein slik imponerande innsats saman med dei meir rutinerte, viser det igjen at me har fått fram ei både stor og solid spelargruppe i løpet av året. Ei gruppe som fungerar utmerket saman både på og utanfor banen. Det gledar meg aller mest,etter å ha vore vitne til den sterke avslutninga av årets fotballsesong, konstaterer assistenttrenaren.,-

Og nå er det du som tek over etter Flesjå-Johansensom hovudtrenar til neste sesong?

-Det får det vera opp til styret å bestemma.Men eg håpar at den, eller dei nye som tek over trenaransvaret , byggjer vidare på det grunnlaget me har lagt og ikkje minst tek vare på det gode samhaldet og miljøet me har klart å få til i den rekordstore spelargruppa. Det viste ikkje minst kampen i dag viktigheita av, avsluttar Guttormsen.