FINNØY:

Oljesøl fleire stader på Judaberg førte til litt trafikale problemer for ettermiddagsrushet torsdag.,

Lastebilen som stod i vegen ved næringshagen er no fjerna og trafikken går som normalt.

Det var blant anna kome ein god del oljesøl på vegen opp til skulen og barnehagen, samt ved næringshagen.

Brannvesen og kommunen var på staden for å legge sukron på olja, slik at det skal bli mulig å koste det opp etterpå.

Lastebilen sto ei stund på stedet kvil, i svingen ved Næringshagen, like før Coop Extra.

Bilistar bør vera oppmerksomme oljesølet.

Det var elles trangt for bilistar, bussar og andre lastebilar som skulle passere lastebilen, men også dei kom seg forbi, med litt manøvrering. Brannvesenet var på staden for å dirigere.

Ein anna lastebil var også på staden, for å overta frakta frå den berørte lastebilen, men denne køyrde vidare litt over klokka 16.

Bodil Engstrøm og kollegaene rydder opp etter lastebilen. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang