Brit Elin Nordbø blir konferansier under Haustfesten på Finnøy.

FINNØY

: - Eg har ikkje det eksakte talet på kor mange billettar me har selt, men det er fleire hundre. Me er fornøyd, seier Steen til Øyposten.,

-Det blir altså noko av festen?

-Ja, det er heilt sikkert, forsikrar han.

Det er påmelding til arrangementet, som har eit tak på publikum på 400, og det er fortsatt ledige billettar igjen.

Det er tromma saman ei godt kobbel av lokale artistar som Steen meiner skal gi  noko for alle aldersgrupper.

Gilberdal stiller, det same gjer Oddvar Vignes, Knut Rørtveit og Mugge & Bugge, og konferansier blir Brit Elin Nordbø. Marit Vignes stiller opp med gongkaker, mens Finnøy Pizza stiller med sin meny.

Einaste som kjem utanfrå er komikrane Rune Bjerga, som også har sagt ja til å opptre når Finnøy igjen vender tilbake til normalen.