Kyrkja på Fogn 30 år
I år er det 30 år sidan dåverande biskop Bjørn Bue vigsla kyrkja, som vart reist etter omfattande lokal innsats. Vigslinga skjedde 17. november 1991. Det blei markert med jubileumsgudsteneste i går.
- Oddbjørg Måland
FOGN:
Meir enn 100 store og små fekk med seg den flotte markeringa. Blant anna 26 6.klassingar frå Fogn, Sjernarøy, Talgje, Halsnøy og Finnøy som var med på Lys vaken, og som overnatta i kyrkja frå laurdag til sundag. Kyrkjelyden fekk også møta neste års konfirmantar på Fogn, som bidrog aktivt med tekstlesing og song. Vidare var det lysmesse og kyrkjekaffi med marsipankake.,
- Eg opplever at denne kyrkja er prega av framtidstru og optimisme, og veit det er stor aktivitet her. Dei var framsynte dei som planla arbeidskyrkja den gong, sa kyrkjeverje i Stavanger Rune Skagestad i si helsing til kyrkjelyden. Også leiar og nestleiar i Talgje sokneråd Leif Kolnes og Eilef Gard uttrykte begeistring for arbeidet som føregår blant anna i kyrkjekjellaren, og trekte fram kjøkenet, spesielt.
- Det skulle me gjerne hatt i vår kyrkje også, sa nesteleiar i soknerådet, Eilef Gard.
Sokneprest Terje Engstrøm forretta ved jubileumsgudstenesta.