I budsjett- og økonomiplanen for fylkeskommunen som vart presentert i dag, kjem det fram at det vil koste 69,8 millionar kroner årleg å drifta det nye sambandet som skal ha endestasjon i Sjernarøy(Helgøy-Nord Hidle) i nord, og Fogn i sør. Sambandet skal betjenast av to 60- bilars ferjer og starta opp ved årsskifte.,Ei 3. ferje skal betjena strekninga Nedstrand-Foldøy- Fisterøyane-Judaberg- Sjernarøy, pluss dei ikkje landfaste øyane i Strand, Hjelmeland og Rennesøy, dagleg, frå 2021. Anbodsfrist for denne ferjestrekninga er utgangen av november i år. Dei fylkeskommunale kostandane til dette er rekna til å bli 10 millionar kroner årleg.