Som kjent så møtes også både Mastra,Kvitsøy,Finnøy,Randaberg 2 og Midtbygdene frå Tau til spanande lokaloppgjør i 5.divisjon i årets fotballsesong.,Mastra stiller både eit reservelag i 7.divisjon, juniorlag, og eit tredje seniorlag som spelar 7-ar fotball denne sesongen.Det er imponerande.Mest like imponerande er likevel at den vesle øya Fogn, med sine ca.350 innbyggjarar, klarer å stille eit 11-ar lag i seriesystemet år etter år.Kjenner me den lokale fotballhistoria rett, så vil det i 2023 vera 50 år sidan det første fotballaget blei stabla på beina av dei driftige fognbuane.Så sjølv om det framleis er sentrale spelarar som snart rundar 45 år på laget, er det mange eksempel frå lokalfotballen på spelar som nermar seg dei 50 før dei legg fotballskoa på hylla.,

Ein av dei som no nermar seg dei 45, og som går på ein ny sesong i den mørkeblå fognadrakta, er evigunge Jakob Bø.Den 21.april kan han igjen snøre på seg fotballskoa for å ta imot Tjensvoll 2 i sesongpremieren på Fogn.Den same kvelden tek Mastra 2 imot Sunde 2 på Mosterøy.