Her er det ikkje lett å få ja.

I eit nest siste sprell frå Finnøy som sjølvstendig kommune florerer det med avslag frå administrasjonen si side før det nest siste møtet i administrasjonsutvalet.,

Frådeling hos Hesby Auto, frådeling av hytte, sal av 440 dekar på Fogn, frådeling av hus på garden og fleire. Det er mange nei og få ja, i sakene som nå ligg klar for politikarane komande onsdag. Fleire av dei er klagersaker over tidlegare avslag.

Dette er sakene:

Leif Thorsen frå Fogn klagar på tidlager avslag i kommunen om å få kjøpa 440 dekar kupert utmarksbeite til bustadtomt.  Administrasjonen tilrår nytt avslag og at saka blir sendt til Fylkesmannen.

Tor Anders Hovda vil planta 13 dekar juletre på Fogn. Kommunen har tidlegare sagt nei ut frå jordvernomsyn.  Hovda klagar på vedtaket, og administrasjonen tilrår nytt avslag.

Per Gunnar Lindanger vil dela frå ein bustad på garden på Ombo, og har tidlegare fått nei til det. Lindanger har klaga, men administrasjonen «ser ikkje» at det har kome nye argument i saka.

Hesby Auto søkjer om å få dela frå 5,5 dekar på garden til vidare verkstaddrift, inklusiv ein bustad. Administrasjonen tilrår avslag.

Olav Alstveit søkjer om å få dela frå ei hytte frå garden. Han har tidlegare søkt og fått avslag, og administrasjonen meiner det er uheldig med ei hytte midt i eit landbruksområde, og tilrår nytt nei.

Ingrid og Steinar Lea, Kyrkjøy, har tidlegare fått avslag om å få setja inn vassklosett og nye vindu i reidskapsbu. Nå gir Fylkesmannen kommunen medhald, og stadfestar avslaget.

Konrad Norheim søkjer om å få dela frå eit hus på garden på Kyrkjøy, men administrasjonen rår politikarane til å seia nei.  Også her blir det peika på at huset vil bli liggjande midt i gardsdrifta.

Jan Terje Vignes har søkt om å få byggja naust, bryggje og servicebygg i Lauvsnesvågen. Kommunen har tidlegare sagt ja, men fylkesmannen har sett foten ned og påklaga vedtaket. Argumentet er mellom anna at det vil føra til betydeleg privatisering av området. Nå rår administrasjonen til at også Finnøy-politikarane seier nei, men held døra på gløtt for ein ny søknad i redusert omfang.

Eit par ja er det likvel. Det gjeld Talgje Rensefisk kor administrasjonen tilrår ja til planane om nytt administrasjonsbygg på Talgje.

Administrasjonen rår også politikarane til å stå fast på tidligare ja til Erling Landa om å få dela frå bustad på Øvre Landa. Her har fylkesmannen anka vedtaket, og viss politikarane følgjer tilrådinga, vil saka bli avgjort av settefylkesmann.

Dessutan får Berit Hesby ja til frådeling av bustad i Vatlandsvegen på Ombo. Her meiner administrasjonen at utsiktene til busetting er større en ulempene for landbruket, og tilrår ja.

Vidare må kommunen etter vedtak hos Fylkesmannen gpå ein ny runde når det gjeld søknaden frå Hennig Stokke frå Tasta, om å få byggja naust i naturreservatet i Lundarvågen på Kyrkjøy.