Dagny Sunnanå Hausken, varaordførar.|Finnøy-ordførar Henrik Halleland ville vore ein god mann å ha når framtida for øyane står på dagsorden i byen.

Klokka 21.00 kom dei første tala for Stavanger på valsendinga til NRK og Stavanger Aftenblad, og Arbeiderpartiet har 24,2 prosent av stemmene når 30 prosent av stemme er telt opp.,

- Vi tek med oss FNB inn i forhandlingane, seier ordførarkandidat Kari Nessa Nordtun til NRK.

Slik ser mandatfordelinga ut - basert på dei første tala:

Høyre: 15 mandat

Arbeiderpartiet: 16

Senterpartiet: 3

MDG: 5

FNB: 7

KrF: 2

Frp: 6

Rødt: 5

SV: 4

Venstre: 3

Andre: 1

Både Senterpartiet og KrF hadde nok håpa på betre tal.

-Dette er ikkje godt nok, men me veit at det er mange stemmer igjen å tella opp, seier Henrik Halleland (KrF) til NRK i ein kommentar til tala.

-I dag har me ein representant og no legg me an til tre. Det er stor framgang, seier Dagny Sunnanå Hausken (Sp) til NRK.