HALSNØY:

Omlag 50 ville vera med då bedehuset på Halsnøy søndag arrangerte fakkeltog for å markera fjerde søndag i advent.  Folk frå Halsne og Skartveit møttes midt på øya og gjekk med faklar bort til parkeringsplassen utfor bedehuset. Der blei dei møtt av ei lysande julestjerne i flaggstanga, laga av Johne Halsne, og julemusikk frå vindaugene.,

Folk stod saman i regnet,  familievis og med avstand, og sang jula inn, og allsongen blei leia av Johne Halsne, som også hadde eit ord for kvelden.

-Vanlegvis pleier Halsnøy musikklag og syngja jula inn saman med musikkgruppa Fjordingane, men i år var ikkje det mulig på grunn av koronaen. Difor blei det forslag om fakkeltog i staden, og det blei så vellykka at me kjem til å prøva å gjera det til ein tradisjon, seier Ragnhild Hartvedt i styret i bedehuset til Øyposten.

Julenissen måtte også melda pass i år, men pakkar til barna, det var det likevel.