SJERNARØY: 17. mai-komiteen hadde gjort seg flid med å pynta alle bruene mellom øyane i Sjernarøyane også i år.,
Før kortesjen starta var det ein kort konsert på Nord-Talgje med Hanne Vasshus og Nils Trygve Hauge og barn frå oppvekstsenteret på Aubø.
Veggrøfter overstrødde med gule blomster og hus og hagar pynta med flagg laga ei flott rame rundt dagen. Langs vegen stod folk og vifta med norske flagg og ropa hurra og gratulerer med dagen i det kortesjen passerte.
Kjøreruta gjekk frå Nord-Talgje til oppvekstsenteret, men nokre gav seg også runden rundt Bjergøy i vald.
Før avgang med kortesjen sørga Vasshus og Hauge for synging av fire vers av "Ja, vi elsker", før dei drog i gang "Sjernarøyvisa" skriven av Kolbjørn Hauge og tonesett av Nils Trygve Hauge.