Det blir meir laks frå Ryfylke framover.

Mellom dei som har sikra seg ein solid jafs av dei nye kvotane som nå er auksjonert ut er Bremnes Seashore og Grieg Seafood, men også Finnøy Fisk vil auka.,

Grieg Seafod og Bremnes Seashore kjøper begge retten til å produsera 527 tonn meir fisk. Prisen for dette er rundt 100 millionar kroner kvar. Finnøy Fisk kjøper retten til å auka produksjonen med 115 tonn, og betaler 22 millionar kroner for det.

Den store kjøparen, som også er lokalisert i området er Mowi, som totalt kjøpet 1700 tonn. Også Rogaland Fjordbruk lokalisert på Hebnes kjøper 527 tonn.

Det er bare området frå svenskegrensa til nord for Haugesund som er i grøn sone, og dermed får lov til å auka produksjonen. Nordover er det ikkje tildelt auka produksjon før kysten av Møre. Det er mellom anna miljøtilstanden som avgjer om det blir lov å auka produksjonen.