FINNØY-RENNESØY:

I ein normal fotballsesong så ville dei fleste senior- og ungdomslaga vore i ggong med oppkjøringa til ein ny sesong. Men dei grøne kunstgrasmattene på både Vikevåg og Leikvoll, ligg dekka av både snø og is og ber preg av liten fotballaktivitet.,-Sjølv om det per definisjon er lov å trena ute med opp til 10 personar med 1 meters avstand , valgte me som idrettslag å innstilla all vår aktivitet i første omgang nå fram til 18. januar. Dette i henhold til føringar både frå Stavanger kommune og idrettsrådet, seier fotballeiar Eirik Hodnefjell til Øyposten.,- Det blir i praksis vanskeleg å dela laget inn i grupper,og på same tida sjå til at avstandsreglane blir fulgt til ei kvar tid.Så får me kryssa fingrane for at desse nye tiltaka og innskjerpa tiltaka gir resultat, og at me igjen kan starta treningar tilnærma normalt.,

-Rart regelverk for seniorfotballen

Fotballeiar Hodnefjell er særleg bekymra for seniorfotballen, for dei over 20 år, som heilt sidan nedstenginga den 12. mars i fjor ikkje har fått drive med normal trenings- og kampaktivitet.-Det har vore frafall i klubben heile tida under pandemien, og meir kan det bli dersom dette held fram.Men eg håpar at me kan "fanga" dei fleste inn igjen når dette er over, og at fråfallet ikkje blir for stort.

Eg håpar difor at i alle høve eit normalt treningstilbod for breiddeklubbane på seniornivå i lokalfotballen snarast kan starta opp. Det er viktig både fopr det sosiale, mentale og ikkje minst for folkehelsa. Så får me heller venta med å kryssa kommunegrenser og bydelar for å få avvikla kampar i første omgang, understrekar Hodnefjell, som synest det er ekstar viktig nå i desse utfordrande tidene å framsnakka ALLE frivillige lag og organisasjonar for den fantastiske innsatsen dei legg ned for barn og unge.,-Stå på vidare -og ikkje gi opp. Alt blir bra til slutt!

  -Finnøyseniorane er "beinklare" til kamp

-Dei fleste laga i finnøyfotballen har teke ein utvida juleferie, men me tillet framleis utandørs trening for dei som ynskjer det.Då sjølvsagt etter strenge retningslinjer, undertrekar fotballeiar Erik Torger Flesjå-Johansen. -Me ser fram til den dagen det er nok mennesker i risikogrupper som er vaksinert, slik at samfunnet sakte men sikkert kan venda tilbake til normalen.

-Finnøy Seniorlag er difor beinklare til å starta sesongoppkjøringa, der målet sjølvsgat er å slå naborivalen Mastra i kamp og befesta sin posisjon som storebror i lokalfotballen på Ryfylkeøyane, avsluttar fotballformannen som også er trenar for A-laget til Finnøy.

Sidan heile kamp- og serieoppsettet for sesongen 2020 blei kansellert, vil truleg det same puljeoppsettet også gjelda for komande sesong dersom ikkje lag trekkjer seg på grunn av nedstenginga og dei mange koronatiltaka. Dersom det igjen skjer, så ligg det likevel an til mange spanande og prestisjefulle lokaloppgjerd når både Finnøy, Mastra, Midtbygdene på Tau og Kvitsøy barkar saman til lokaloppgjerd i 5. divisjon denne fotballsesongen.

    NFF er bekymra for stort fråfall

Ei kartlegging som Norges Fotballforbund har gjennomført blandt klubbane i breiddefotballen i Norge, bekreftar også dei bekymringane som våre to lokale fotballeiarar gir uttrykk for.

,"-

Over 90 prosent av klubbene mener at det er viktig at breddefotballen for spillere over 20 år kommer i gang igjen. Flere uttrykker bekymring for frafall, og for å miste klubbmiljøet for denne spillergruppen, samt fysisk og psykisk helse.", viser undersøkelsene som er gjennomført av NFF sentralt.

-Me deler denne bekymringa etter snart eitt år utan normal trening og kampar.Den største bekymringa vår er at spelarane ikkje kjem tilbake til fotballen, og at heile lag kan risikera å trekkja seg, seier generalsekretær Pål Bjerketvedt i NFF.