Vil nesten dobla hjortejakta på Ombo

Det kan bli lov til å fella meir hjort på Ombo I den nye forvaltningsplanen for kommunen er grensa for eitt hjorteløyve på Ombo sett ned frå 1500 dekar til 800 dekar. 

Hjortejakt på Ombo, kor dei to tilfredse jegarane Georg Stangborli (t.v.) og Kent Sinnes viser fram ein flott hjortebukk felt i årets hjortejakt på øya. (Foto: Jon Asgaut Flesjå)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

STAVANGER

: Den nye forvaltningsplanen skal nå opp til behandling i kommune. For dei andre øyane kor det er jakt, ligg det bare an til små endringar. Det må fortsatt vera ein hjort per 1500 dekar i Finnøy og Rennesøy før det kan gis klarsignal til eit hjorteløyve. Men grensa for rådyr går ned i Rennesøy frå dagens 500 dekar til 300 dekar. Dette blir også grensa i Finnøy.,

Men på Ombo kan det nå altså liggja an til ei dobling av hjortejakta for å begrensa veksten i bestanden. I årets jakt har det vore lov å jakta vel 100 dyr på øya. Både hjort og rådyr er i vekst i heile landet på grunn av klimaendringar og tilgoring av jordbrukslandskapet, går det fram av planen.

Publisert: