FINNØY:

-Eg fattar ikkje kven som kan ha gjort dette, det var stukke hol på alle åtte dekka. Det ser ut som om det er brukt ein syl eller ein annan spiss gjenstand, seier Mowinska til Øyposten.,

Finnøy-kvinna er fortvila over det som har skjedd.

-Det blir ei stor ekstrautgift for både meg og far min. Heldigvis har eg god forsikring men likevel blir det fort 10.000 kroner for dei to bilane til saman, pluss tapt bonus, seier ho.

Bilane stod parkerte nede ved hovedvegen då hærverket skjedde.

Rakk nesten ikkje jobben

-Me kjøpte hus for tre år sidan på Skreddarstua, men om vinteren pleier me å parkera nede ved hovudvegen for å sleppa å kjøra opp den bratte vegen. Det er ein privat veg, og det kan vera ganske glatt der. Me har aldri vore utsett for noko før dette skjedde, seier Mowinska.

Joanna Mowinska jobbar som miljøterapeut på Finnøy sentralskule og hadde det travelt denne morgonen for å rekka å åpna SFO klokka sju.

-Eg blei ganske stressa, for eg kunne ikkje kjøra med bilen. Men heldigvis visste eg at naboen skulle på jobb på Judaberg, så eg ringde henne og håpa ho ikkje alt hadde kjørt. Det hadde ho heldigvis ikkje, seier Mowinska, som korkje har peiling på kven som har gjort hærverket eller kvifor det er gjort.

-Dette er ein privat veg, og bilane stod parkerte i veggrøfta og var ikkje til hinder for folk som ville forbi. Eg fattar ikkje at dette kan skje på fredelege Finnøy, då me flytta hit fekk me høyra at folk ikkje låste dørene sine ein gong. Viss nokon meiner eg har gjort noko feil eller er irriterer seg over noko, må dei koma og snakka med meg. Det er mykje betre enn å øydeleggja for mange tusen for meg og far min, seier ho.

Henla saka

Mowinska har meldt saka til politiet og håpa dei ville dukka opp for eventuelt å sjå etter spor.

-Dei som gjorde dette må ha støtta seg til bilen, så det kunne vore fingeravtrykk der. Men eg fekk beskjed om å koma til byen og levera anmeldelse på politistasjonen. Viss eg hadde nokon mistenkt, kunne dei fylgja det opp. Elles var det liten sjans, fekk eg høyra. Og politiet kom ikkje til Finnøy, seier Joanna Mowinska, som håpar at andre kan bli åtvara og ha augene åpne når historia hennar blir kjent og evnetuelt gje tips til politiet.

Politiadvokat Åshild Iren Lomeland i Sør-Vest politidistrikt opplyser til Øyposten at saka er henlagd.

-Det er fordi me ikkje var opplysningar om eventuell gjerningsperson.

-Kvifor tok ikkje politiet turen til Finnøy for å sjå etter spor, til dømes fingeravtrykk?

-Så lenge me ikkje har noko å gå på blir saka henlagt. Men det betyr ikkje at ho ikkje kan bli tatt opp igjen viss det kjem nye opplysningar, seier Lomeland.