RENNESØY: Etter det Øyposten kjenner til har Cato Østerhus i lengre tid vore interessert i å overta skipet, og fredag sprakk nyheten: Cato Østerhus kjøper Restaurationen av Yuhong Jin Hermansen. Kjøpesummen er ukjent.,

Det var ei stund fare for at den 52 fot lange sluppen, som er bygd på Finnøy, skulle havna ut av Rogaland. Men det skjer nå altså ikkje.

-Det er veldig kjekt at "Restauration" blir verande her og kjem i drift igjen. Nå håpar eg å få sjå han mykje på fjorden framover, seier Jørn Flesjå ved Ryfylke Trebåtbyggeri på Finnøy til Øyposten.

Det var Jørn Flesjå og Ryfylke Trebåtbyggeri som bygde båten som blei sjøsett for 10 år sidan.

"Restauration" er ein kopi av den første utvandrarskuta med same namn. Den opphavlege "Restauration" reiste frå Stavanger i 1825 med kurs for Amerika, noko som blei rekna som starten på den norske utvandringa til USA. Ombord var 52 menneske, og då dei kom fram til New York fem månader seinare var det i mellomtida fødd ein baby ombord som gjorde at besetninga då talde 53.

Dagens "Restauration" ligg nå på land på Åmøy, og Jørn Flesjå har sagt seg villig til å vera med å setja skuta i stand igjen.

-Ho treng ein god vårpuss. Riggen skal takast ned og det skal byggjast hus over henne. Så må me gå over botn og sjekka saumane. Men skuta er i ganske bra stand, seier Flesjå.

-Det er vel litt ekstra følelsar inne i biletet for deg når det gjeld "Restauration"?

Til New York?

-Ja, det er klart, eg har brukt mykje tid på båten, heilt frå den spede begynnelsen då eg og Arne Nordbø som to av tre tok initiativet til stiftinga som det heile begynte med. Den tredje var læraren min på båtbyggarskulen i Hardanger.

-Trur du skuta kjem til å seila til New York i 2025?

-Det høyrest ut som at den nye eigaren er mota på det. Men det viktigaste for meg er at skuta kjem på sjøen og seiler her til 200 års jubileet for utvandringa i Stavanger, seier Jørn Flesjå.

Levande historie

Øyposten har ikkje lukkast i å få tak i den nye eigaren, men til Aftenbladet seier Cato Østerhus at han kjem til å danne ein organisasjon, som skal få ha «Restauration» som eit klubbhus.

-Nå skal vi bruke dette halvåret på å pusse båten opp, for hele Jæren og Ryfylke. Barnehager og skoler skal få oppleve historien om da kvekere ble jaget av borgerskapet i Stavanger og dårlige tider i Europa, seier Cato Østerhus til Aftenbladet.

Ifølge avisa skal "Restauration" få base ved Utstein Kloster Hotell på Mosterøy, som Østerhus kjøpte majoriteten i i fjor.

Spørsmålet var oppe i fjor om Stavanger kommune skulle kjøpa skipet. Men politikarane sa nei. Også kommunedirektøren rådde frå eit kjøpt på grunn av kostnadane han frykta det ville føra med seg. Dei blei anslått til å beløpa seg til 700.000-800.000 kroner i året for å drifta skipet.

Då vurderte ikkje kommunedirektøren skuta som eit kulturhistorisk fartøy, men likevel som eit fartøy som gjer levande Rogaland og landet si migrasjonshistorie.

"Den levandegjer historia om den første av ei bølge på nesten ein million nordmenn som reiste til Amerika over ein hundreårsperiode.

2025 er året for 200-årsmarkeringa for dei første utvandrarane som drog frå Stavanger i 1825. Markeringa gjer bruken av Restauration og historia den fortel meir aktuell, og det er naturleg å sjå for seg at skuta kan ha ei rolle i 200-årsmarkeringen", skreiv kommunedirektøren då.