Bondelaget og miljøorganisasjonar vil belønna bønder som bidreg til å styrka karbonlagring i jord.

FINNØY: Det er dei seks organisasjonane WWF Norge, Utviklingsfondet, Spire, Økologiske Norge,Framtiden i våre hender og Sabima som saman med Norges Bondelag har sendt eit brev til klima-og miljøministeren, der dei ber om at karbonlagring i matjord blir ein viktig del av regjeringa sin klimapolitikk.,

-Auka naturleg karbonlagring i jord vil styrka verdas mattryggleik og gjera jordbruket betre rusta tilå møta eit klima i endring og bidra til å redusera den globale oppvarminga, skriv dei sju organisasjonane i brevet som er sendt regjeringa. Dei etterlyser difor også eit belønningssysystem for bønder som gjennom si driftsform bidreg til å auka denne karbonlagringa.

"-Regjeringens satsing på karbonfangst må ikke begrense seg til industrielle prosesser. Ved bruk av naturens egen teknologi, fotosyntesen, kan vi lagre betydelige mengder karbon i matjorda vår. Norske bønder er klare, nå håper vi at regjeringa og Stortinget blir med på en skikkelig storsatsing,"

seier Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag i ein uttale.,

"-En tredel av de klimaløsningene verden trenger før 2030 handler om å ta vare på og styrke naturlige karbonlagre i natur og landskap,"

legg generalsekretær Karoline Andaur i WWF, Verdens Naturfond til.