MC-tur til Sjernarøy i helga: Frå venstrre Torleif og Charlotte Vuijk, Jonny Mala, Adrian Bakkehaug, Melvin Sletten, Kristoffer Risa og Svein Risa.|

SJERNARØY:

-Heilt topp, Sjernarøyane er ein godt bevart hemmelighet for MC-turar, meinte gjengen, då dei parkerte utfor Nærbutikken på Nesheim søndag.,

Då var dei komne halvvegs på turen, som ikkje tok så mange minuttane, men hadde desto fleire svingar. Rekna frå ferjekaien på Helgøy i sør og til heilt nord på Bjergøy, måtte dei minst gjennom 100 større svingar før dei var tilbake. Og det attpå til på tildels svært smale vegar.

-Det er det som er kjekt; å få svinga litt og brukt sykkelen. Ikkje bare kjøra beint fram, seier gjengen begeistra til Øyposten.

Dei er heimehøyrande på Jæren, og flesteparten hadde ikkje vore på øygruppa før.

-Idyllisk og veldig fredeleg, er dommen.

-Det einaste me saknar er ein plass kor me kan få kjøpt oss ein middag, eller i det minste ei pølse, seier dei.