Ein av dei frivillige ved eit av vaktromma til Kirkens SOS.

MENTAL HELSE:

Mellom 23.-28. desember fekk Kirkens SOS heile 2.885 henvendingar, noko som utgjer 481 samtaler kvart døgn, eller 20 kvar time.,

– Me kjenner igjen frå andre høgtider at mange kjenner på einsemd. Men for mange oppleves einsemda nå som ekstra håplaus, mørk og vond, seier generalsekretær Lasse Heimdal.

Heile 15,7 prosent av samtalene dei har mottatt har handla om sjølvmord. Det er like høgt prosentvis som i 2019, sjølv om krisetenesta då såg ei markant ake av sjølvmordssamtaler. Andelen blant unge som deler sjølvmordstanker på Kirkens SOS sin chat-tjeneste, SOSchat.no, er nær 50 prosent.

– Det viktigste er å spørre

Kirkens SOS oppfordrer alle til å ta litt ekstra vare på kvarandre resten av jula, også i tida som kjem.

– Ver den omtenksame vennen, naboen og kollegaen. Eit smil til ein du passerer på gata, eit vink til naboen - sjølv slike små ting er god medisin som bidrar til god folkehelse, seier Lasse Heimdal.

Det er ikkje alltid er så viktig å finne dei rette orda, så lenge ein får formidla omtanke og vennleik i møte med andre, meiner han.

Sjølv enkel kvardagsprat om trivielle ting kan oppleves som at nokon bryr seg.

– Det viktigste er å spørre. Å ta ein telefon til den du veit ikkje har så mange rundt seg. Veit du om nokon som er aleine, så ring og spør om dei vil gå ein tur, eller berre slå av ein liten prat. I "desse koronatider" kor mantraet er å halde avstand, er det viktigare enn nokon gang å vise nærleik, seier generalsekretæren.