|Harald Faa har skrive dette kåseriet.

Ole og Tom på 5 år var gode vener som delte vondt og godt saman. Ein dag i barnehagen kom praten inn på jula og alt som skjer då. Ja, sa Ole, heim til oss kjem mange folk. Som eg forstår likar ikkje far alle som kjem. Blant dei som kjem er tante Eli frå Lier. Ho har alltid julepresang med seg, især til far. Han får ullundertøy, som han mislikar, ein tjukk bol og ei lang underbukse. Denne likar han minst, han blir så sår under armane for underbuksa kneg heile tida. Far ga tante Eli neglafil, den bruker ho til å renska øyrene med for å høyra kva far seier.,

I fjor jul fekk tante Eli ein fin spegel av mor og far. Då ho pakka den ut og såg seg sjølv, trudde ho det var eit fint maleri ho hadde fått. Ho ser svært lite. Men luktesansen er i orden. Ho luktar god mat lang vei. Ja, til og med luktar ho ned i kjellaren, der far har diverse ting, flytande næring som han seier. Får ho tak i noko av dette blir ho fjollete og rar i ansiktet. Men far veit råd, han får henne til sengs, til ansiktet blir normalt att.

Harald Faa har skrive dette kåseriet.

Dei andre gjestene er greie folk. Matlyst har dei, dei et som hestar seier far. Då meinte eg at far kunne gje dei turt høy og kanskje litt havre til dessert.

Nå var det Tor sin tur til å fortelja. Til oss kjem det og folk. Bestefar kjem alltid ei god stund før jul, det har mor bestemt. Mor skal då vaske bestefar over det heila, noko som visst er tortur. Især på ryggen, føtene går det betre med, dei var ikkje så skitne. Han hadde vaska dei ein gong i sommar nedi bekken. Neglene var lange, men som bestefar sa, tærne stod på sjølveigen grunn.

Tor fortalte at tante Ida var både høg og slank. Far meinte at ho kunne brukast til juletre, også sidan ho hadde så masse smykker på seg. Plattfot er ho og, derfor stod ho solid og støtt. Vidare skulle ho få vatn kvar dag for å halda seg frisk og fin. Du veit, sa Tor til Ole, alle blomar treng vatn med litt blomstergjødsel.

Ida blir aldri gift. Ein gong hadde ho ein kjærast. Han måtte stå på ein krakk når han skulle opp og kyssa henne på munnen. Han måtte og væra forsiktig for ho hadde laustenner. Ein gong fekk han gebisset hennar i halsen, då forsvant både han og kjærleiken.

Ein dag såg eg at far sat og studerte lommeboka, jula hadde mest fore med alt. Då høyrte eg far sa med seg sjølv at nå må eg nok bruke kam i lommeboka for å greia alle utgiftene.

Men, men, godtfolk, me får ta kvar dag som ei gåve.

Med det vil eg ønska alle ei rektig god jul!