Styret i Sjernarøy Sanitetsforening i jubileumsåret. Frå venstre Benny Helgeland, leiar, Kari Hidle, Anne Skogen og Ebba Marie Breivik.

SJERNARØY:

Sjølv om det er nå i år laget jubilerer, ventar dei med den store jubileumsfesten til 1. mai neste år. Då har dei sikra seg sjølvaste Mímir Kristjánsson som festtalar, nyvald stortingsrepresentant for partiet Rødt på Stortinget.,

-Eg hykka han på 17. mai, seier leiaren i laget, Benny Helgeland til Øyposten. Mimir har nemleg hytte på Nord-Talgje, og feira nasjonaldagen på Sjernarøy med familien.

Sjølv om 1. mai kan bli ein travel dag for Rødt-politikaren, kjem ikkje Saniteten på Sjernarøy til å godta nokon unnskyldning.

-Har han lova, så har han lova, slår Benny Helgeland fast.

Sjernarøy Sanitretsforening har nå rundt 25 medlemmer, og skulle gjerne ønskt seg fleire. Men i følge Benny Helgeland, Ebba Marie Breivik, Kari Hidle og Anne Sklogen i styret er bygdefolket flinke til å slutta opp om laget når det skjer noko.

Festen 1. mai blei halde første gang i 1967, og er eit av høgdepunkta gjennom året for laget. Då blir det diska opp med kjøttkaker, sviskedessert og fløytekake. Og laget legg sin flid i å skaffa god underhaldning.

Ein rask kikk i arkivet til laget viser ein imponerande innsats i dei 100 åra laget har eksistert. Det blei danna som Bjergøy og Hidle Helselag, for det var bare medlemmer med derifrå i starten. Seinare kom også dei andre øyane med, og ei tid var også Ombo tilslutta sanitet’en på Sjernarøy.

Noko av det første laget fekk kjøpt inn var sjukekorg til øyane. Seinare er det blitt både hjartestartar og ustyr til kyrkje og bedehus. For laget var det eit stort løft å få på plass Eldresenteret på Aubø, som blei innreia i kjellaren i det dåverande bankbygget saman med pensjonistlaget. Det blei innreia og utstyrt utan at dei blei teke opp ei krone i lån.

I dag består aktiviteten mellom anna av den årlege turen, blomster med personleg helsing til alle over 80, basaren tysdag i påskeveka og lunsj ein gong i året for mellomtrinnet på skulen.

-Me gir også støtte til mammografi for kvinner under 50, opplyser den ivrige kvinnegjengen i styret, som understrekar at alle inntektene går til «det beste for bygda».