Kai Petter Flesjå på Finnøy er godt nøgd med hjortejakta. - Alt har gått fint føre seg så langt.

FINNØY-RENNESØY:

Hjortejakta startar 1. september, og i haust kan det fellast 14 dyr på Finnøy. Det er fire meir enn året før. På Rennesøy kan det fellast rundt 20 dyr i år, mens det på Mosterøy er lov å fella to.,

-Det er aukande interesse for å vera med på jakta, og det er spesielt kjekt at det er fleire unge som har lyst til å vera med og jakta, seier Kai Petter Flesjå på Finnøy til Øyposten.

I fjor blei det skote 10 dyr, men det er sett mykje hjort på øya i løpet av vinteren, og difor er kvoten auka. I samråd med viltforvaltninga er det lagt opp til å fella åtte kvalvar, to koller, to spissbukkar og to bukkar på Finnøy.

Det er også bestemt at heile Finnøy skal vera eit jaktvald, og det er ikkje lagt opp til utleige av jaktrettar.

Henning Larsen er leiar i viltlaget på Rennesøy (foto: Rune Nedrebø)

På Rennesøy er det ny tre-årig forvaltningsplan i haust, og her skal det fellast 21 dyr per år, mens det på Mosterøy skal fellast seks dyr i løpet av tre år.

-På Rennesøy ynskjer me litt auka uttak av kalv i perioden, og har redusert uttaket av vaksne dyr til ikkje meir enn 15 prosent av det totale uttaket, opplyser Henning Larsen i viltlaget på Rennesøy.

Jakta på rådyrbukkar begynte i august, mens den begynner første september på hodyr.