FINNØY:

Kaka var fint dekorert med bilete av tunellen og «Finnfast – Gratis 1. juli 2011» med utropsteikn etter skrive tvers over heile kaka.,Ingen tvil, med andre ord, kva som blir feira.,

Hyggeleg sjokkmelding

- Det er er all grunn til å markera dette, det var ei hyggeleg sjokkmelding å få, seier dagleg leiar i Finnøy Betong, Lars Jøran Flesjå til Øyposten. I likhet med mange andre kom nyheten heilt overraskande på han, og Flesjå måtte sjekka han grundig før det gjekk opp for han at det faktisk var sant.,-Her gjorde Frp ein god jobb, meiner han.,Finnøy Betong sender dagleg fem-seks bilar kvar veg gjennom tunnelen, og reknar med å spara rundt ein million kroner i året på at bommen blir borte.,Trong dette nå,- Ekstra kjekt for oss er at me verkeleg trong dette nå, for det har vore ein voldsom prisauke på byggevarer som isopro, tre og stål. Dette er kostnader me ikkje kan henta inn igjen frå inngåtte kontraktar, seier Flesjå, som pendlar til og frå jobben frå heimen på Skorpefjell på Askje med dieselbil. Dermed blir det pengar å spara for han også.,Finnøy Betong-sjefen trur også at det vil kunna gjera det lettare for bedrifta å rekruttera arbeidsfolk.

<img class="alignnone size-large wp-image-19846" src="https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/07/Finnfast-1-1024x768.jpg" alt="" width="780" height="585" >

-Når den mentale barrieren som Finnfast er, kan det bli lettare å få tak i folk frå Rennesøy eller Randaberg til dømes, seier han.

-Kva vil dette bety for Finnøy?

,-Bare positivt. Bompengane er noko som har ramma både private og næringslivet i Finnøy, seier Lars Jøran Flesjå.