Rennesøy slepp å kjøra til Finnøy eller Forus med litt av bosset

Eit samrøystes formannskap slår fast at avfallsmottaket på Hausken på Rennesøy skal opprettshaldast som i dag. Men det blir foreløpig ingen utviding av tilbudet.

Mottaket på Rennesøy blir verande.
Publisert:

RENNESØY: Det var etter initiativ frå Frp og Tor Bernhard Harestad at kommunen måtte sjå på forslaget om å avvikla avfallsstasjonen på nytt.

Kommunen kom likevel fram til same konklusjonen: Mottaket blir lite brukt, og ei oppgradering til fullverdig mottak vil kosta vel ein million kroner i året i auka driftsutgifter.

Men formannskapet ville det annanleis, og vedtok å behalda mottaket. Det politiske fleirtalet vil like vel ikkje utvida tilbudet, slik Frp la opp til.

I dag går det bare an å levera hageavfall, elektrisk avfall og farleg avfall på miljøstasjonen på Hausken, mens for eksempel bygningsavfall må leverast på Forus eller på Finnøy.

Lars Peter Endresen (fp) hevda at det var «råflott» å bevara miljøstasjonen, då saka var oppe til behandling i utval for miljø og utbygging, og viste til at det er eit fullverdig tilbud på Judaberg.

Men Tor Bernhard Harestad hevda Endresen var «desorientert» og innvende at det er fem mil frå Sørbø på Rennesøy til Forus.

-Så langt køyrer ingen i byen. Dessutan kjører me ikkje feil veg til Finnøy gjennom ein lang, mørk og fæl tunnel for å levera frå oss bosset, sa Harestad.

Jar Endre Egeland (h) trudde at «på sikt» ville det vera bare ein mottaksstasjon for Finnøy og Rennesøy.

-Sannsynligheten for at det blir anlegget på Judaberg som blir nedlagt er stor, etter som det er blitt innebygd av boligar og industri, sa Egeland.