Over 1000 skreiv under på Finnøy mot luftlinjer
I løpet av ei lita veke blei det samla inn 1060 underskrifter mot planane om nye kraftlinjer i lufta over Finnøy. Aksjonistane er strålande fornøyd med responsen.
FINNØY: -Alle stader me kom blei me tekne mot med åpne armar. Bare tre personar reserverte seg mot å skriva under, opplyser Arild Flesjå og Erik Astad i aksjonsgruppa til Øyposten.
17 friviljuge gjekk frå dør til dør på Finnøy med underskriftslister mot planane til Lnett om å byggja den nye 132 kilovolts kraftlinja som luftspenn over øya.
Då fristen gjekk ut søndag kveld hadde 1060 skrive under mot planane. I følgje Flesjå og Astad tilsvarer det omtrent 100 prosent motstand mot planane.
-Hadde det vore meg som ville byggja noko, hadde eg korkje våga eller vilja gå i gang når motstanden er så stor, seier dei to initiativtakarane til underskriftsaksjonen.
Det ligg fortsatt underskriftslister ute på butikkar på Finnøy, kor folk kan skriva seg på. Planen er å overlevera listene til ordføraren når ho er tilbake frå USA.
Både Astad og Flesjå takkar alle som har bidratt til å gå rundt med
underskriftslistene, og takkar også finnøybuen for å slutta så massivt opp mot
protestane.
-Det var til og med ein person som låg på sjukehus, men sende fullmakt til å skriva under på hans vegne. Det seier litt om responsen, seier dei to.
Øyposten var med på litt av ruta då det blei samla inn underskrifter, og inntrykket er at motstanden mot luftlinjer er stor.
Sissel og Reinert Bokn var blant dei som teikna seg på lista, då Tor
Eggebø dukka opp på Reilstad med underskriftsliste og
informasjonsmateriell.
-Me vil ikkje ha luftlinjer. Eg er mot vindmøller også eg, seier Reinert
Bokn, medan Sissel legg til at det er meir framtidsretta å leggja den
nye kraftforbindelsen over øya som kabel i bakken.
-Tru de dette nyttar?
-Ja, det trur eg. Det er godt at nokon engasjerer seg i denne saka,
slår Reinert Bokn fast.