Ei heil helg med Rennesøydag i slutten av august

Rennnesøydagen gjenoppstår ei heil helg i slutten av august med kulturkveld, familie- og markensdag og vandring i utvalde kulturlandskap.

Jon Tore Helland i Rennesøy Kystlag gledar seg til at det skal bli Rennesøydag igjen neste år og inviterer interesserte både frå Rennesøy og Finnøy til å delta.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Hittil har 12 lag og organisasjonar og 15 bedrifter meldt seg på arrangementet, som skal gå av stabelen helga 26., 27. og 28. august.,

Ein entusiastisk komite med leiarane i kystlaget, historielaget, kommunedelsutvalet pluss frivillighetssentralen, biblioteket, innbyggartorget og gründer Helene Birkeland skal nå jobba vidare med planane. Mellom anna skal dei ta telefonlista for seg og spørja om fleire vil vera med.

Plass til fleire

-Me ligg eigentleg ganske godt an, sidan me er så tidleg ute. Men alle er fortsatt velkomne til å delta, seier koordinator på Innbyggertorget i Rennesøy, Tina Nådland til Øyposten.

 -Det skal bli eit flott arrangement, lovar Tina Nådland på Innbyggartorget.

Rennesøydagen i år fell saman med Frivillighetens år, og difor er det viktig for komiteen å bruka arrangementet til å visa fram frivillige lag og organisasjonar i øyane.

Planane så langt er ein kulturkveld i Kulturhuset Meiriet fredag 26. august, kor komiteen ønskjer å bruka kvelden på Rennesøy sin store kunstnar Svein Magnus Håvarstein. Det er eit samarbeid med historielaget og biblioteket.

Laurdag blir det tradisjonell marknads- og familiedag. Det er laga eit forprosjekt med arbeidstittelen «Gjenbruk er bra for miljøet».

Prosjektet er eit samarbeid med avdelinga for vann og avløp og klima og miljø i kommunen pluss renovasjon og Green Mountain datasenter.

Gammalt skal få nytt liv

Skulane og barnehagane i kommunedelen er invitert til å gi gamle ting nytt liv.

Arbeida skal stillast ut på laurdagen, publikum blir invitert til å kåra det beste innslaget. Det blir to klassar, ein for barnehagar og barneskular og ein for ungdomsskulen. Alt nå er det klart at alle klassane på Rennesøy ungdomsskule vil vera med, opplyser Tina Nådland.

-Premien blir 5000 kroner til kvar klasse, som skal brukas til å gjera noko kjekt for vinnarane , legg ho til.

 Helene Birkeland er involvert i planlegging av dagen.

Eit spennande såpebobleshow på laudagen er også blant planane det blir jobba med.

På søndagen blir det vandring i «utvalgde kulturlandskap» i Rennesøy, som det er 46 av i landet, eit av dei i Rennesøy. Turen er eit samarbeid mellom Rennesøy og Finnøy turlag.

-Her har me fått med oss ein førsteklasses guide, og planen er å ta turen til Dale, seier Nådland.

Ordføraren skal åpna

Ho legg til at interesserte som vil bidra, enten det er med eit eller anna kulturelt innslag, med dugnad eller som sponsor, er hjarteleg velkomne. Det er bare å ta kontakt med nokon av oss i komiteen.

-Me ynskjer også alle interesserte frå Finnøy spesielt velkommen. Det er viktig at me gjer kavarandre gode, og framhevar styrken og kvalitetane i øysamfunna våre, seier Tina Nådland.

Sist det var Rennesøydag var i 2019. Då var det 41 utstillarar og 1000-1500 besøkande, og arrangørane håpar på minst same responsen i år.

-Me håpar dette skal bli eit årvisst samlingspunkt i vår kommunedel, slik tradisjonen har vore, avsluttar Tina Nådland.

Rennesøydagen blir åpna av ordføraren i Stavanger, som etter alle solemerker er Rennesøys eigen Dagny Sunnanå Hausken, sidan Kari Nessa Nordtun fortsatt er i svangerskapspermisjon då dagen går av stabelen.

Publisert: