Alle har fått barnehageplass i Finnøy og Rennesøy
Hovudopptaket er ferdig, og alle som har fått plass er informert.
FINNØY-RENNESØY: Kommunedelane Finnøy og Rennesøy er dei einaste som på dette tidspunktet kan tilby barnehageplass til alle som har søkt. Dette gjeld både liten og stor avdeling. Alle dei andre kommunedelane har ventelister, der Storhaug har den lengste.
Kommunen har kalkulert behovet for barnehagane i Finnæy med 14 plasar frå i fjor til i år. På grunn av at det var fleire ttåringar i Rennesøy enn prognosen tilsa,blei det ikkje nødvendig å redusera talet på barnehageplassar i Renneøy i år.
– Her i barnehagen har me ikkje merka at det er mindre born som søker seg til oss, opplyser styrar i Utsyn barnehage, Merete Edland Skibenes.
Utsyn er ein av få barnehagar som tilbyr reduserte plassar. Her kan ein søka om 60, 80 eller 100 prosent.
Tilbyr reduserte plassar
– Eg er gald me har den moglegheita, sjølv om det ikkje er spesielt gunstig økonomisk. Overføringane frå staten blir mindre med reduserte plassar. Det er viktigaste er likevel alltid omsynet til borna, og for nokon er det heilt rett, seier Edland Skibenes.
Alle born som er fylt ett år innan 30.november 2022 har rett på barnehageplass frå august.
Hovudopptaket blir gjennomført i fleire rundar frå 1.mars til 1.juni. Dettet for at for at flest mogleg skal få tilbod om om plass i ein barnehage eller i eit område forelda har prioritert i søknaden.