Øyane er sterk kandidat til årets vernepris
Neste veke blir det klart kven som får Stavanger kommune sin vernepris 2022
- Oddbjørg Måland
FINNØY – RENNESØY:
Kategorien i år er sjøhus.,
Av totalt 10 innkomne forslag, er sju frå Finnøy og Rennesøy.
- Nokre av forslaga er spelt inn fleire gonger. Blant anna sildesalteriet på Bru er det mange som har føreslått. Fleire har føreslått forskjellige naust, men det nytter ikkje denne gong. Det skal vera typiske sjøhus, opplyser Knut Grøttland ved Byantikvaren.
Kystens stabbur
På fredag skal juryen på synfaring til aktuelle kandidatane.
- Mest sannsynleg er svaret klart i midten av neste veke.
Sjøhuset er ein fellesbetegnelse for hus ved sjøen som oftast blei brukt til lagring og produksjon. Sjøhus er med andre ord ikkje det same som naust.
Fram til 2021 blei verneprisen delt ut i desember kvart år, men frå no av skal prisen delast ut før sommaren.
- Grunnen til at me velde kategorien Sjøhus i år, er at det finns kandidatar i heile kommunen, heilt frå Dickens inst i Vågen til øyane ytst i kommunen. På mange måtar kan ein sei at frå gammalt av var sjøhuset, eller pakkhuset kystens svar på stabburet, fortel Grøttland.
I orienteringa rundt utdelinga av prisen står det at sjøhusa blei sett opp i sjøkanten slik at fartøy kunne legga seg heilt inntil. Varer kunne lastas og lossas direkte frå båten ved hjelp av eit heissystem i øvste etasje. Eit Sjøhus er oftast i fleire etasjer, med tregolv i alle etasjar. I motsetning til naust blei dei ikke bygde til båtoppbevaring. Her blei blant anna fisken salta i tønner. Sjøhuset kunne vera eit lite stykke verden, med import og eksport, men også lagerplass for fiskeutstyr, tauverk og seil. Også bøkkarar og seilmakarar hadde arbeidsplassen sin her.
Komiteen i år består av:
- Anders Fjelland Bentsen (Ap), nestleder for utvalg for by- og samfunnsplanlegging
- Michael Heng, Fortidsminneforeningen
- Ingrid Sekse, Stavanger arkitektforening
- Hanne Windsholt, byantikvar
I juryen inngår og ein femte stemme: Publikumsstemmen. Etter at juryen har plukka ut tre kandidatar, vert innbyggarane invitert til å stemma på sin favoritt. Det sjøhuset flest heier på, får ein ekstra stemme når juryen skal ta sin beslutning.
Tidlegare mottakarar:
Verneprisen har vore delt ut kvart år sidan 1999. Desse har fått prisen tidlegare:
2021: Anna Stråtveit Songe-Møller og Karl Grude Songe-Møller for Endre Dahls gate 8.
2020: Margret Millie Bru, Ingvar Bru, Solveig Qverneland og Kjartan Åsheim for Ingvarbakken på Bru
2019: Carl Egil Buch for Wessels gate 50
2018: Base Property for Hermetikklaboratoriet
2017: Bjarne og Ola Helland, Kongsgata 34
2016: AS Fjelde, Nygata 1
2015: Hege Benedicte Blom, Normanns gate 27
2014: Finn Gjedebo. "Absinthen", Nedre Banegate 41
2013: Borettslaget Tjensvold 2, Hans E. Kincks gate 2, 4 og 6
2012: Hilde Garlid og Tom Bjørn-Nielsen, St. Svithuns gate 33
2011: Petra Skarstein Valheim, Skogsbakken 28 på Jåttå
2010: Hulda Drange, Øvre Strandgate 60
2009: Else og Dag Lambrigtsen, Muségata 55
2008: Stavanger Tinfabrik AS, kontorbygningen i Ryfylkegata
2007: Else Buch, Nedre Tordenskjolds gate 1
2006: Marthe Isdahl og Ian John Walker, Bøkkersmauet 9
2005: Kitt Sandvik og Simon Rudkin, Admiral Cruys gate 15
2004: Sissel Anita Hanssen og Henrik Kobro, Jelsagata 49
2003: Kari og Kjell Helle Olsen, Prinsens gate 29
2002: Petter Hegre, Dronningens gate 36 (nå St. Svithuns gate 38)
2001: Kari Smådal og Sigurd Turøy, Storhaug allé 25
2000: Teknisk Bureau Eiendom AS, Køhlerhuset, Frida Hansens v. 5
1999: Kari Næss, Haugvaldstadminde, Haugvaldstadminde 8