God stemning under barnas sommer på Utsyn i fjor

FINNØY- RENNESØY:

Målet er å ha eit tilbod i alle kommunedelane.,

Interessa for å vera ein del av Barnas sommer har vore stor både i Finnøy og Rennesøy.

Mastrauka som arrangementet heite i Rennesøy, var svært populært i fjor. 100 plassar blei rivne bort tidleg.

På Utsyn fauk dei fyrste 30 plassane ut i rekordfart. Etterpå fekk dei utvida tilbodet med 20 ekstra deltakarar per veke.

Kjempepopulært

- Me opna for påmelding klokka 0900, og klokka 0907 var det ikkje fleire ledige plassar igjen, og 11 sto på venteliste, sa dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter Sissel Marie Bjerga, til Øyposten i fjor.

Barnas sommar føregår i vekene 26 – 32.

Dei som søker kan få eit tilskot på 50.000 kroner per veke med aktivitet for minst 20 deltakarar. I tillegg kan det bli gitt stønad på inntil 10.000 kroner for kjøp av utstyr og til gjennomføringa.

Målgruppa er born og unge busett i Stavanger kommune. Alle arrangementa er gratis.

Søknadsfristen er 20. april.