Byggestart for gang- og sykkelvegen på Finnøy i 2024

Arbeidet med den etterlengta sykkelvegen mellom Fåhadlet og Nådå på Finnøy kan begynna om to år, ifølge fylkeskommunen.

50 millionar kostar det å bygga gang- og sykkelveg på dette strekket på Finnøy.
Publisert:

STAVANGER: -Me tek sikte på å begynna prosjektering og grunninnløysing neste år. Viss det går greitt kan bygginga begynna året etter, i 2024. Viss me støyter på problem med grunninnløysing, kan det dra ut til hausten 2024 eller våren 2025, opplyser Jonas Meling, seksjonssjef i Rogaland fylkeskommune til Øyposten.

Det er også ein forutsetning at finansieringa blir godkjent av Stavanger kommune og fylkestinget.

-Planen er å venta på om Lnett skal leggja kabel i same traseen?

-Ja, men me reknar med at det blir avklart innan byggestart. Kabelgrøfta er ein del djupare enn det me treng for å byggja gang og sykkelvegen, og ekstrautgiftene i den forbindelse er noko Lnett må bera.

– Kva med gang og sykkelveg vidare frå Nådå til Reilkstad?

-Det er ikkje noko som ligg inne i planane våre, og det er heller ikkje sett av pengar til det. Viss Lnett vel delvis luftspenn over øya, er ikkje det noko me legg oss borti, svarar Meling.

Jonas Meling er seksjonssjef i fylkeskommunen.

Ei gladsak

Då saka om fordeling av overskotet frå Finnfast var oppe i fylkessamferdselsstyret onsdag 16. november, blei det bestemt at overskotet på 20 millionar skal gå til bygging av gang- og sykkelvegen frå Fåhadlet til Nådå.

Fleire av partia var inne på at dette var ei «skikkeleg gladsak for Finnøy», for vegen her er både svingete og uoversiktleg.

Heile prosjektet er kostnadsrekna til 50 millionar kroner, og forutsetninga er at det manglande beløpet på 30 millionar kroner blir delt likt mellom Stavanger og fylkeskommunen.

Stavanger har tidlegare signalisert vilje til å forskottera pengane, mot å få dei igjen frå fylket seinare.

Kan gå til tunneloppgradering

Men nå vil fylkeskommunen at Stavanger løyver desse pengane. Viss ikkje vil overskotet frå Finnmfast-bommen bli brukt til oppgradering av Finnfast-tunnelen. Oppgraderinga er planlagt å starta i 2025, og er kostnadsrekna til knappe 300 millionar kroner.

-Eg er sikker på at Stavanger kommunen vil vera med på dette, seier medlem av samferdselsutvalet, Jarle Bø (sp) frå Randaberg.

Han rosar også varaordførar Dagny Sunnanå Hausken for å ha jobba godt med denne saka.