Finnøy vant på tribunen, men tapte på banen
Det var stor stemning og entusiastisk publikum frå Finnøy, då G13 laget møtte Austrått i finalen i Obos Cup’en søndag. Men det hjalp ikkje, Finnøy-laget måtte bita i det sure eplet.
RANDABERG: Finnøy G13 kom heilt til finalen i Ombo Cup. Det er lenge sidan sist, og søndag formiddag møtte dei Austrått til finaleoppgjer.
Det gjekk dessverre ikkje som håpa. Resultatet blei 8–0 til Austrått.
-Austrått hadde eit kjempegodt lag på nivå 1, som vårt lag ikkje hadde så mykje å stilla opp mot, seier Bendik Heggelund i Finnøy Idrettslag til Øyposten.
Det var sett opp ekstrabuss frå Finnøy, og det var stor stemning på tribunen i Randaberg Arena.
-Det var både flagg og stortromme. Me vant kampen på tribunen, men tapte på banen, seier Heggelund, som legg til at spelarane frå Finnøy takla nederlaget godt.