Her får elevane lære korleis lage majones. Foto: Sigrunn Westersjø Nesheim

Elevane blei møtt med varm sjokolade og mykje lærdom. Ryfylkekokken hadde fått sponsa skrei frå Domstein i høve vårt besøk, og det var denne som var i hovudfokus for matlaginga.

Av skreien blei det laga heimelaga fiskekaker og torskeloin. Elevane fekk også prøve noko dei aldri hadde smakt før, nemleg steikt torsketunge. Utanom dette blei det også laga rekesmørbrød, majones frå botnen av og prinsessesaus.

Bakgrunnen for dette besøket skuldast mangel på kapasitet på skulekjøkkenet. Denne elevgruppa har difor hatt mat og helse på Meieriet i Vikevåg, og som eit plaster på såret, gav leiinga ved Rennesøy skule dei ei ekstra kjekk oppleving knytt til faget mat og helse. Noko denne opplevinga verkeleg var. Elevane har sidan i haust vore på Meieriet, og vi er alle einige om at det ber preg av å vere slite.

Som dessert hjå Ryfylkekokken hadde vi ein smakstest av fire ulike sjokoladar, der elevane skulle beskrive smaken. Og nei, dette var ikkje Freia mjølkesjokolade. Dette var «ekte» sjokolade, laga av 54 prosent kakaobønner av merket Valrhona.

Elevane lærte meir enn å bare lage mat denne dagen. Dei fekk ei ny forståing for kva maten i butikken eigentleg inneheld, og at blant anna ekte majones er veldig enkelt å lage frå botnen av!

Freistande fisk i ulike variantar laga hos Ryfylkekokken. Foto: Sigrunn Westersjø Nesheim

All maten som blei laga smakte veldig godt, men favoritten for mange var steikt torsketunge.

Sigrunn Westersjø Nesheim Lærer ved Rennesøy skule