Trur dyrehovud ved leikeplass stammar frå lovleg jakt
Rådyrhovudet som blei funnen nær busetnad aust på Mosterøy var frå ein bukk, som kan stemme med at det pågår bukkejakt.
Onsdag 13. september fann nokre born eit avkappa rådyrhovud ved ein leikeplass nær Skorpefjell på Mosterøy, meldte politiet til Øyposten måndag.
Dei som jobbar med fallvilt i Stavanger kommune har sett nærare på saka, og dei trur hovudet kjem frå lovleg jakt.
– Me har vore ute og sett på hovudet, som låg på ein sti ut frå ein parkeringsplass ved Skorpefjellveien, seier naturforvaltar og fallviltansvarleg Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune:
– Hovudet var frå ein rådyrbukk med fire taggar. Me trur dette stammar frå ein slakteplass etter lovleg jakt og at ein hund eller noko kan ha drege det med seg.
Bukkejakta på rådyr starta 10. august og varar fram til jul. Vanleg rådyrjakt startar 25. september.
– Me ser dette frå tid til annan om hausten, at dyr dreg fram slakteavfall frå slakteplassar, seier Ankarstrand.
Stavanger Aftenblad skreiv i sommar om nokon som fant eit rådyrhovud rett ved eit bustadfelt i Tananger. Konklusjonen der var at hovudet mest sannsynleg kom frå eit rådyrkje tatt av slåmaskin og det var frakta vidare av ein rev eller rovfugl.
Kart som viser Skorpefjellveien på Mosterøy: