Eit utval av varene du vil finne i butikken. Det er sjølvbetening mellom 9 og 21, men på laurdag vil det vere smaksprøvar og litt meir frå 11–14. Foto: Gardsbutikken på Nærland

Kortreist er ein del av Gladmatfestivalen som fann stad i Stavanger i juli. Her vil du finne lokale produsentar av mat og gardsutsal. Desse inviterer til handel, smaksfest og opplevingar laurdag 16. september.

Ein av utstillarane du kan treffe på Gardsbutikken på Nærland, er June Steinnes frå Steinnes Gard på Finnøy. Steinnes kjem til å vere i butikken frå klokka 11 til 14.

– Vi har tilbod på 24 pakning 160 grams burgere i samband med Kortreist. Elles vil du ha moglegheita til å kjøpe stykningsdeler som entrecote, indre- og ytrefilet, mørbrad kjøtdeig og steik, seier ho.

– I tillegg vil me dele ut smaksprøver på den populære Finnøypølsa med soltørka tomatar.

I Gardsbutikken på Nærland, vil du også finne Hanne Flesjå Reilstad som vil selje det som du normalt får kjøpt i butikken. I tillegg vil dei få inn eit nytt produkt for dagen, nemleg fersk og reven mozerella frå Nornes Gard.

– Me vil også tilby gratis saft og kaffi, og sel nysteikte vaflar, fortel Reilstad.

Kart som visar kor du finn Gardsbutikken på Nærland:

Klostergarden finn du på Klosterøy i Rennesøy kommunedel. Her finn du Inger Lise Rettedal sitt gardsutsal i sjøhuset. Dei vil selje produkt og biprodukter frå egen gard, i tillegg til annan lokalmat og -drikke. I tillegg finn du pizzastål, bøker om Ryfylke, skinnfeller, designputer, puslespel, brettspel, kunst, duftlys, serviettar og mykje meir, informerer dei om på Kortreist si nettside.

Her finn du Klostergarden: