Pangstart på båtsesongen på Skartveit

Mange reiser til fjells i påska, medan andre tykkjer påske er best ved sjøen. Ved båthava på Skarveit har det vore full rulle heile påskehøgtida.

Det flotte påskevêret har lokka båtturistane i hopetal til Skartveit.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

HALSNØY: Sol har me hatt fleire dagar den siste tida, men nettene har vore kalde, til og med med minusgrader har det vore. Så kom det det som minner om sommarvarme paralelt med heilagdagane. Det fekk båtfolket til Skartveit.

Legg grunnlaget

– Påsken legg på mange måtar lista for korleis resten av sesongen blir. Med denne gode starten er eg optimistisk. På skjærtorsdag serverte me over 100 porsjonar komler, i tillegg til andre ting sjølvsagt. For mange har skartveitkomlene på skjærtorsdag blitt ein tradisjon, seier Anita Ørnes. Ho driv gjestehamna med butikk og restaurant saman med mannen Kjetil Ørnes.

Søskenparet Oda Sofia og Teodor Halvorsen utforskar livet i strandsona.

Yrande liv

Påskeaftan var det eit yrande liv på anlegget.

– På dagar som dette finst det ikkje betre plassar å vera, seier Jan Harald Langeland frå Sola. Han og kona Tone har leigd seg heilårshytte på Børøy, og er innom Skartveit for å handla og «kjenna» litt på livet.

– Det tek berre 10 minutt med båten. Vanlegvis pleier me å reisa innom Skartveit med eigen båt seinare i sesongen, men no som me har fått oss hytte med båt i nærleiken, kunne det ikkje passa betre, seier Langeland som nyttar anledninga til å ta med seg kona og dottera Synne på ein matbit på Pakkhuset.

Badeløver

Søskenparet Oda Sofia og Teodor Halvorsen frå Stavanger har til og med lete seg freista til å prøva badevatnet. For det meste er det leik i strandkanten på Costa del Skartveit som sandstranda heiter, men Oda var uheldig og sklei på ein stein og fekk seg ein ikkje-planlagt dukkert.

Oda Sofie tek hendinga med fatning og er kjapt tilbake i leiken.

– Desse to badar så snart det byr seg ein anledning, og bryr seg ikkje så mykje om årstider eller temperatur, smiler mor Stine. Familien på tre generasjonar er på påskeferie i seglbåt.

Gode dagar

Komfortabelt parkert i to campingstolar utanfor kvar sin store cabin-cruisar sitt Pål Johansen frå Klepp og kompisen og Sven Arne Berge frå Hommersåk. Dei to er for fast inventar å rekna på Skartveit.

Pål Johansen f.v. og Sven Arne Berge saknar ingenting når dei får vera i båthamna på Skartveit.

-Me møtes her til sesongstart kvart år. Mine ungar har nærmast vokse opp her, og elskar Skartveit, seier Berge som fortel at damene er på tur til Halsnefjeller og dei halvvaksne ungane er ute i småbåtar.

– Men me derimot, me sitt berre her og skryt og lyg, ler Johansen. Han held fram: Denne plassen er tipp topp altså. Alt er svært skikkeleg og i orden. Atomfæren er god og alle trivst. Det er heldigvis ingen festeplass, berre god stemning.

Familien Drivenes frå Haugalandet har røter på Halsnøy og ferierer i familehytte. F.v.: Håvard Drivenes, kona Annette og døtrene Haley Valstad Srange og Ingrid Lovise Valstad Drivenes. – Jentene vil heller reisa på ferie til Skartveit Skartveit enn til Syden, fortel Håvard.

Inne i butikken er det meir eller mindre kø i kassa heile tida. Det var framleis eit par dagar igjen av ferien til å kosa seg på, då Øyposten var innom, og etter to dagar utan butikk, treng mange påfyll.