Laurdag klokka 12 begynte det å snø på Judaberg, og ein halvtime seinare begynte det å snø kraftig.

Ifølgje varselet skal det fortsette å snø utover kvelden og natta. Laurdag og søndag skal det til saman kome 18 millimeter nedbør, som omrekna til snø blir noko slik som 15 til 20 centimeter.

Temperaturen skal stige til eit par plussgrader nokre timar kring midnatt, så noko kjem kan hende som sludd. Uansett verkar det til å vere gode muligheiter for kvit julegrantenning i både Vikevåg og på Judaberg søndag ettermiddag.

Værvarsel for Judaberg dei neste dagane. Foto: Yr.no