Landbrukskonferansen 2023

Mat må me ha – bonden, jorda og naturen i samspel. Dette er hovudtemaet for årets konferanse 20. mars.

Publisert: Publisert:


Me skal få meir kunnskap om miljømessig berekraft i landbruket ved Liv Guri Velle, Møreforsking og Nikolai K. Winge, Holth & Winge. Dei skal ta føre seg korleis landbruket må ta omsyn til naturen – og kommunane sitt handlingsrom til å tilbakeføre utbyggingsområde til jordbruksføremål.

Ordførarane i Eigersund, Odd Stangeland og Tysvær, Sigmund Lier bidreg med sine refleksjonar.

Representantar frå Tine og Q-Meieriene gir oss status for mjølkeproduksjonen i
Rogaland og vi får også høyre om Torvholen Gard si satsing innan demensomsorg på gard.

Som vanleg blir heidersprisen for landbruket i Rogaland delt ut. Det heile kjem til å bli stødig leia av Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen.

Konferansen gir oss ny kunnskap om miljømessig, økonomisk og sosial berekraft som er med på å utvikle landbruket i Rogaland.

Konferansen har god oppslutning, med vel 180 deltakarar.