Diskuterte kva øyane treng

Stavanger kommune går så det susar. Ryfylkeøyane har nok å bruke pengar på.

Desse tre pluss Venstre har klare ambisjonar om å bli det nye fleirtalet i Stavanger kommune etter valet om dryge to veker; f.v. Tormod Wilson Losnedal frå Høgre, Henrik Halleland frå KrF og Tor Bernhard Harestad frå Frp.
Publisert:

Torsdag kveld var det valdebatt på Finnøy innbyggartorg. Ordstyrar Harald Birkevold frå Stavanger Aftenblad ba om svar på tre spørsmål:

  • Kor lenge vil det ta å få vedteke ein sykkelveg frå Judaberg til Ladstein?
  • Kor høgt skal me prioritere Øyfast?
  • Kor mykje pengar skal me bruke for å grave ned høgspentkablar i bakken?

Kablar under jorda

Dei to store postane i kommunebudsjettet er skule og helse. Slik sett er spørsmåla om infrastruktur på sida, men dei engasjerer sterkt på Finnøy, og dei vil krevje stor politisk innsats i åra som kjem.

Ordstyrar Harald Birkevold frå Stavanger Aftenblad inntek podiet i eit fullsett Finnøy innbyggartorg torsdag kveld.

Om straumkablar i bakken i staden for i monstermaster sa Henrik Halleland (KrF):

– Kommunen må sannsynleg betale mellomlaget, det vil sei meirkostnaden med å legge høspenten i bakken. Mellomlaget kan kanskje bli 500 millionar kroner. Dette blir ei stor sak i neste periode. Det blir ei vanskeleg sak, men me skal få det til, sa Halleland.

Alle dei åtte partia i panelet sa at dei vil arbeide for jordkabel, men det er før nokon veit prisen. Ingen parti gjekk heller inn på korleis dei eventuelt vil prioritere viss til dømes berre ein del av strekninga kan få jordkabel.

Meir landfast

Spørsmålet om Øyfast liknar spørsmålet om høgspentnett på den måten at ingen veit prisen og ingen vil svare på korleis dei eventuelt vil prioritere mellom ulike øyar. Ein stor skilnad er at tre parti svarar klart at dei er imot Øyfast; Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne.

– Me vil ta vare på naturen, og me vil heller ha gode kollektivløysingar, sa Ann Elin Piel i Venstre.

– Me trur ikkje Øyfast er bra for Finnøy. Det første som vil skje med øyane som blir landfaste, er at barnehagen og barneskulen forsvinn, sa Torgeir Thorsen i SV.

Nykomar Hanne Vasshus frå Arbeidarpartiet med til venstre Torgeir Thorsen frå SV (t.v.) og til høgre Birger Hetland frå Senterpartiet. Både Vasshus og Hetland bur på Sjernarøyane.

Senterpartiet og Frp og delvis KrF gjekk lengst i å sei at Øyfast er heilt naudsynt. Både Høgre og Arbeidarpartiet uttala seg positivt om i alle fall å finne ut kva Øyfast vil koste.

Godvilje hos fylket

På spørsmålet om kvifor det har gått 20 år utan at det har skjedd noko med den så etterlengta sykkelvegen mellom Judaberg og Ladstein, svara Birger Hetland (Sp):

– Me har mangla goodwill frå fylket. Difor er det òg viktig at me får politikarar inn i fylket.

Han står sjølv på val til fylkestinget.

Hetland tok elles til orde for å få sykkelveg ikkje berre til Ladstein, men til idrettsanlegget på Leikvoll. I tillegg vil han ha sykkelskur på alle kaiane.

Alle dei åtte partia i panelet let vel om gang- og sykkelvegar.

Mange saker

Tor Bernhard Harestad (Frp) vil jobbe for å bli kvitt eigedomsskatten. Torgeir Thorsen (SV) vil ha gratis SFO og billig barnehage. Ann Elin Piel (V) vil at kommunen skal lytte meir til lærarane for å gjere dei meir motiverte. Andreas Nordang Uhre (MDG) vil ha meir grøn energi. Valet handlar om mange saker.

Fleire kandidatar prata varmt om at Finnøy kommunedel treng å utvikle Judaberg sentrum. Men kva konkrete tenester er det eigentleg folk saknar på Judaberg? Er det eit badeland, som Henrik Halleland har slått frampå om? Eller er det noko heilt anna? Dette skulle me gjerne visst meir om.

Neste valmøte for øyane er onsdag 30. august i Kulturhuset Meieriet i Vikevåg. Der er det varsla at blant anna ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap), varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) og ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal (H) stiller.

Publisert: