Har høyrt mykje fint om Finnøy
Fredag klokka 11.50 opnar landets finansminister Tomatfestivalen.
– Tomatprodusentane på Finnøy har vore flinke til å utvikle nye produkt, seier Finansminister Trygve Slagsvold Vedum:
– Sjølv trur eg me har tomatar frå Finnøy i hus nesten kvar veke. Me har to jenter på 12 og 17 år, og då er tomatar populær mat, sunt og godt både til middag og som snacks.
God Finnøy-kjelde
Øyposten har fått eit lite telefonintervju med Vedum gjennom statssekretær og opphavleg finnøybu Lars Vangen. Vedum har eit travelt program. Fredag kjem han først til Finnøy skule klokka 11.50 for å opne Tomatfestivalen. Så vitjar han Lauvsnes gartneri før han dreg vidare til eit ope møte om inkluderande lokalsamfunn på Randaberg kulturscene. I kveldinga går turen med fly frå Sola til Bardufoss for å diskutere beredskap og sikkerheit.
– Eg høyrer mykje fint om Finnøy, og då er det særleg Lars som er mi kjelde. Svein Gjedrem heng òg litt rundt i gangane i Finansdepartementet, seier Vedum.
Gjedrem vaks opp på Finnøy og var sentralbanksjef og finansråd i to omgangar.
Vedum har vore på Finnøy ein gong før, i 2013 då han gjesta Lauvsnes gartneri som landbruks- og matminister.
Glede og alvor
Vedum er som kjent òg leiar i Senterpartiet, og han heiar på lokalprodusert mat.
– Mat gir glede, men det er òg alvor med mat. I fjor blei det utfordringar fleire stader med å få tak i grønsaker, seier Vedum.
Han meiner me treng at det blir produsert mat på Finnøy og andre stader kring i landet. Då er blant anna tollvern og støtteordningar eit politisk spørsmål.
Vedum er kjent som ein habil dansar, les me på nettet, og fredag skal han vere med litt rundt i tomatjegerløypa som er rigga til oppe på skuleplassen.
– Eg gler meg til å kome til Finnøy. Tomatfestivalen er ein viktig treffstad, og den løftar fram Finnøys kjennemerke, seier Vedum.