FINNØY: Navnet er registrert inn i Sentralt stadnamnregister, opplyser Statens Kartverk.

-Det betyr at navnet heretter skal brukast av alle offentlege instansar, opplyser namneansvarleg Erlend Trones i Eigedomsdivisjonen i Statens Kartverk til Øyposten.

Rektor Bente Tjelta opplyser at det bare er nokre formalitetar som gjenstår, før også skulen tek navnet i bruk. Mellom anna heiter det fortsatt Finnøy Sentralskule på heimesida til skulen.

-Men eg eg brukar som regel Finnøy skule når eg svarar på telefonen, seier Tjelta.

-Trur du det vil gå greitt å innarbeida det nye navnet?

-Det trur eg, det er eit ynskje frå lærarane og det verkar også som det er godt motteke av elevane, seier Finnøy-rektoren.

Skulen på Finnøy manglar navneskilt, men det er også noko som er på gang, ifølge Tjelta. Då kjem det til å stå «Finnøy skule» på navneskiltet.