Dei første jordbæra frå Finnøy klar til Meny i Stavanger
Kåre Nordbø på Finnøy hausta dei første jordbæra på mandag. Fredag sende han 80 kilo til Meny-butikkane i byen.
FINNØY: Nordbø blei slått på målstreken av jordbærprodusent Geir Joa frå Sola, som leverte sine første jordbær før sist helg.
-Eg planta 14 dagar tidlegare, men likevel fann eg dei første jordbæra på same tid som i fjor. Det skuldast den kalde våren, seier Nordbø til Øyposten.
Nå ynskjer han seg litt meir sol og varme, men ikkje for varmt.
−20 grader ville vore ideelt, seier han.
Nordbø fyrer med biogass frå IVAR sine anlegg i Mekjarvik og på Grødem.
-Dermed skal det ikkje vera klimaavtrykk på desse bæra, meiner han.
I tillegg transporterer han bæra til byen med elbil.
-Nå blir det Finnøy-jordbær til 17. mai i byen?
-Ja, absolutt, slår Nordbø fast.
Han held seg til sorten Sonata, som ser både blanke og delikate ut.
-Er det mykje lokalsalg på Finnøy?
-Ja, det er noko, men det bør bli meir fart i jordbærplantene før eg for alvor tek opp lokalsalet, seier han.