Har du ungdom i huset? Då er dette noko for deg

Uteseksjonen saman med FAU ved Finnøy skule inviterer onsdag 13. september til foreldremøte med tema «Å vere ung i Stavanger».

Veronica Tvedt er ein del av uteseksjonen i Stavanger kommune og ho kjem til Finnøy for å prate med foreldre. Du vil også møte Sindre Håheller Jensen.
Publisert:

FAU arrangerte møte med same tema i vår, men det var dårleg oppmøte.

Uteseksjonen er eit lågterskel hjelpetilbod til ungdom mellom 12 og 25 år i Stavanger kommune. Dei driv oppsøkande arbeid i miljø der ungdom oppheld seg, blant anna på skulane.

Dei kjenner difor godt til korleis det er å vere ung i Stavanger, og dette er ei god anledning for foreldre på Finnøy å få betre innsyn i ungdomskulturen i kommunen.

– Me opplever at foreldre ofte gir slepp på ungdommen litt for tidleg, seier Veronica Tvedt frå Uteseksjonen.

– Ungdommen er i ein fase der dei vil lausrive seg, men framleis treng dei ein trygg voksen som er interessert i kva dei driv med om dagane. Det handlar om å finne balansen mellom det å la ungdommen vere sjølvstendig og det å engasjere seg. Me vil at foreldre skal vere like interessert i barna sine sjølv om dei er blitt tenåringar.

Leiar i FAU, Agata Klawikowska, ønskjer at fleire vil ta turen til foreldremøtet.

– Dette er eit viktig tema som me aldri kan snakke for mykje om. Uteseksjonen kjenner ungdomsmiljøet godt, og foreldra kan her lære om ting dei kanskje ikkje visste at ungdom tenkte på. Eg håpar at alle som har ungdommar i hus vil ta turen til Kulturstova denne kvelden.

Kart som visar Kulturstova på Finnøy:

Publisert: