Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) er herostratisk berømte for å ha teke moralsk ansvar for at mange misjonsbarn blei utsette for systematisk omsorgssvikt på utanlandske internatskular gjennom fleire tiår, men aldri juridisk ansvar.

– Å høyra korleis Misjonssambandet har behandla desse sakene opp gjennom åra, er frykteleg trist. Nå må organisasjonen sentralt bare ta grep, seier bedehusmann og NLM-lærar Bjarne Ydstebø etter å ha høyrt dei sju episodane i podkastserien Misjonærbarna.

To frå øyane

Forfattar, dramatikar og tidlegare NLM-barn Øystein Stene har laga Misjonærbarna, som sidan nyttår har vore å høyra på bokstrømmetenesten Fabel. Han har intervjua mange kjelder. To av dei mest sentrale, ei kvinne og ein mann, har hatt deler av ungdomstida si i Finnøy og Rennesøy.

Foreldra til mannen var misjonærar i Tanzania frå midten av 1970-talet, medan han frå barneskulealder måtte gå på internatskule i Kenya 60 mil unna. Han skildrar eit internat som stinka urin og ein kvardag med mange skremmande opplevingar og eit stort underskot på omsorg.

Foreldra til kvinna var misjonærar på Taiwan. I ungdomsskulealder blei ho utsett for seksuelle overgrep av ein omsorgsperson på internatskulen. Ho gjekk seinare til rettssak mot NLM for manglande oppfølging, men tapa saka i Stavanger tingrett i 2013. Ansvaret blei i staden plassert hos foreldra. Saka blei aldri anka, på grunn av dei ekstreme personlege belastningane i rettssalen, og den har seinare ligge der som ein vond knute.

Total svikt

– Eg huskar rettssaka frå 2013, men det var først då eg høyrde podkasten at eg fekk auga opp for kva dette handla om, seier Ydstebø:

– Misjonssambandet med dåverande leiing kasta ein misjonsfamilie frå Ryfylke under bussen. Dei svikta fundamentalt i alle ledd, enkelt og greitt.

Ydstebø har fleire verv i Misjonssambandet. Han er styreleiar i Utsyn Misjonssenter, nestformann i styret for Talgje Misjonsforsamling og medlem i skulestyret for Lundeneset vidaregåande skole. Han er dessutan tilsett i NLM som lærar ved den tiårige kristne grunnskulen Tryggheim Strand.

– I denne saka kan eg bare uttale meg som privatperson, seier Ydstebø:

– Folk i organisasjonen har sikkert ulike meiningar. Eg meiner at måten Misjonssambandet behandla ei kvinne og familien hennar er ei stor skam. Det står eg for. Det ser ut som at alt som kunne gå gale, gjekk gale.

Kva som må til

Misjonssambandet sende i juni i fjor ut ei generell orsaking til misjonærbarn med vonde opplevingar, der dei blant anna skriv:

«Til foreldrene ønsker vi å si at ordningen med internat og adskillelse var Misjonssambandet sitt ansvar. Vi erkjenner at systemet som vi hadde den gang verken ivaretok det enkelte barn eller foreldrene. Kallsforkynnelsen og datidens forståelse av hva det vil si å være misjonær skapte et press overfor foreldrene om å akseptere internatskoleordningen. Vi beklager belastningen dette har påført dere som foreldre og som familier.»

Kvifor dei ennå ikkje har teke juridisk ansvar, handlar truleg om at juridisk ansvar betyr erstatningsansvar.

– Eg har ikkje svara på korleis dette kan løysast, men eg trur ikkje organisasjonen kjem unna utan å betala erstatning, seier Ydstebø.

Øyposten har vore i kontakt med dei to tidlegare øybuane i podkasten for å høyra kva dei meiner NLM må gjera for å skape forsoning, men dei ønskjer ikkje å uttala seg til lokalavisa.