Kommunen vurderer å overta ansvaret for alle gravplasser

Stavanger kommune vurderer å overta ansvaret fra Stavanger kyrkjelege felleråd for alle gravplassar i kommunen. Det er totalt 24 gravplassar med 46.000 graver.

Hesby kyrkje på Finnøy.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Kommunen vil konkludera og leggja fram ei sak for kommunestyret i slutten av januar neste år. Det er kommunestyret som har bedt om ei sak på dette.

Arbeidet med saka har teke lenger enn rekna med på grunn av pandemien, men nå vil kommunen konkludera rett over nyttår. Viss kommunen bestemmer seg for å overta, må arbeidet med dette begynna seinast i løpet av utgangen av desember.

Viss kommunen skal overta ansvaret, må det søkjast om dette til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark som er tillagt nasjonal gravplassmyndighet. Økonomi og kvaliteten på tenestane er to viktige forhold som kommunen vil vurdera. Dessutan skal det vurderast i kva grad dagens tenestetilbud er tilpassa ulike trus- og livssynssamfunn.

I heile kommunen er det 24 gravplassar, fire livssynsåpne seremonibygg og eit krematorium. Totalt er det 46.000 graver, og forvaltinga av gravplassane har eit budsjett på 32 millionar kroner.

Av landets 356 kommunar er det bare fem som har overtatt gravplassmyndigheten sjølv.