Straum, drivstoff, trevirke, gjødsel, dyrefôr, transportkostnadar og utlånsrenta har den siste tida auka kraftig. Det gjer at matprisane fylgjer same veg.

Matvareprisane auka med 4,5 prosent sidan januar i år, og no skjer det igjen.

– Kva for varer er det som blir dyrare frå 1. juli?

– Det er ein vesentleg prisauke over heile fjøla, i alle kategoriar, men eg kan ikkje sei kor mykje. Me må berre forholda oss til det me får beskjed om. Prisane på innkjøp til butikken har blitt dyrare av mange ulilke årsakar som me alle kjenner til, og då forplantar dette seg vidare til forbrukarane. Det er ikkje slik at butikkane skor seg på denne sitausjonen. Me var førebudd på denne prisstigninga, den var varsla, seier SveinInge Goa, dagleg leiar i Coop Extra på Judaberg.

– Korleis er reaklsjonan frå kundane?

– Så langt har eg høyrt noko som helst. Det er tidleg på dag ennå, så reaksjonane kan ennå komma.

Fem prosent opp

I avisene spekulerast det i ein auke på rundt fem prosent.

Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse seier til VG at han trur prisen på enkelte produkt vil auka med 1 til 3 prosent, medan andre vil stiga over 10 prosent.

– Etter ei samla vurdering vil snittet vera nærmare fem, enn 10 prosent, seier han og trekk fram kjøt og egg som varer med spesielt høg prisstigning, seier han.

Desse to varene har allerede blitt langt dyrere det siste året, men frå i dag blir den gjennonsnittlege engrosprisen oppjustert med fire kroner per kilo. Det utgjer 5,65 prosent, og kjem på toppen av ei ekstraordinær prisauke i vinter og den ordinære justeringa eit halvår tidlegere.

Dermed har prisen på fleire typar kjøt stige med mellom 13 og 17 prosent på eitt år. For svin er prisauken 16,9 prosent, for storfekjøtt 12,8.

Egg blir 80 øre dyrare for kiloen.(NTB)